Mykje for pengane

Publisert 17. april 2018 av Havbrukspartner
Dei får kanskje ikkje mange kompliment for vakre linjer, dei nye arbeidsbåtane som vert bygde hos Solund Verft, men som arbeidsplattform har dei uomtvistelege kvalitetar.

Stor dekksplass, god stabilitet og eit romsleg maskinrom er mellom eigenskapane driftsleiar Frank Ødejord ved Solund Verft framhevar når han syner rundt på det fyrste av to nybygg som Engesund Fiskeoppdrett har tinga ved verftet. «Selbjørnen» er so godt som klar til henting når Havbrukspartner vitjar verftet.

 

Etterspurnaden etter spesialtilpassa arbeidsbåtar for fiskeoppdrett har eksplodert dei seinare åra, og til liks med dette har nye reglar vorte innførte. Dette har ført fram til designet til «Solundbåten», som Maritime Engineering i Knarvik står bak, i samarbeid med Solund Verft. Båten er 7,99 m lang og 7,99 m brei, og er oppsett med ein John Deere dieselmotor på 175 HK.

Johnny Kjæmpenes hos Havbrukspartner har vore inspektør på vegne av Engesund Fiskeoppdrett undervegs i byggjeprosessen. Han har tru på at fleire vil sjå seg tent med denne typen båtar, som er meir bygde for spesifikke arbeidsoperasjonar ved oppdrettsanlegg, enn for fart. Frank Ødejord bekreftar at dei har opplevd stor interesse for båtane.

Havbrukspartner gratulerer Engesund Fiskeoppdrett og Solund Verft med eit godt levert produkt!

Les og «Har du kontroll på dokumentasjonen kring arbeidsbåtar og mannskap?»