Kronikk: Store og små katastrofar

Publisert 9. juli 2019 av Havbrukspartner

Algeinvasjonen i nord har gjeve kunnskap til mange langt utanfor næringa om kva biologisk risiko lakseoppdrettarar må forhalde seg til. Det sterke medietrykket har tvinga av fram ei avbøtande ordning frå regjeringa. Men næringa som heilskap bør ikkje vere nøgde så lenge der ikkje er gjort nokon endringar i det generelle regelverket.

Massedød i det omfanget ein opplevde på dei råka lokalitetane, er det verste som kan hende ein fiskeoppdrettar, ved sidan av totalt havari på anlegg. Nest etter dette er forsert utslakting av heile lokalitetar, gjerne med liten fisk som knapt er salsvare, det verste som kan inntreffe. For store selskap med spreidd lokalitetsstruktur og mange fiskegrupper, kan den tapte produksjonen la seg ta inn att ganske raskt. For små selskap kan i verste fall heile biomasse (varelageret) vere borte, og det vil ta år å bygge seg opp att.

Det har i mange år vore snakka om ein havari-MTB, ei ordning der ein kan ta igjen/framføre produksjonen som går tapt ved uynskte hendingar. Dette kan vere algeangrep, sjukdom eller ein vanskeleg lusesituasjon. Tiltaket som regjeringa no tilbyr dei algeramma, har karakter av ei slik ordning. Det er ei ordning som ikkje kostar staten meir enn arbeidet med å skrive ho ut. Aktørane får bruke delar av noko dei alt har betalt for, sjølvsagt innafor regelverket som regulerer miljøomsyn.

Det er ikkje snakk om at ein får noko kompensert økonomisk, alt som er investert i fisken som er borte, er tapt. Ein får no lov til å bygge litt større biomasse fordelt på ein periode på fem år, men ein må bruke nye pengar på å gjere dette. Om noko uføresett skulle skje i produksjonen i denne perioden, kan tapa auke. Det er ingen reduksjon i risiko eller refusjon for tap i ei slik ordning.

I departementet sin kommunikasjon rundt ordninga, er dei perplekst nøye med å fremje at ingen andre må rekne med å få tilsvarande moglegheiter seinare. Det er lett å tru på, fordi mange har lidd under mangelen på tiltak tidlegare. Til dømes ILA-utbrot, eller tvungen utslakting på grunn av PD, rammar oftast færre aktørar, men det betyr ikkje at det er lettare å handtere for dei som blir råka. Ei katastrofe vert ikkje mindre for den det gjeld, fordi om du er åleine om å bli slegen i kne. At ein kvar skal vere si eiga lukkes smed i slike saker, er ein politikk som bryt med kunnskapen ein har om desse sjukdomane. Det er og konkurransevridande mellom store og små aktørar.

Når media no har reist frå algekatastrofen, og regjeringa har spelt gåvmilde med gåver som ikkje har kosta dei noko, bør næringa sine organisasjonar halde oppe trykket for å på plass permanente ordningar som hjelper alle aktørar som opplever katastrofar. Det er ikkje godt nok at det skal vere opp til den politiske tyngdekrafta i ein situasjon å avgjere om aktørar skal kunne rette ryggen att etter å ha blitt slegne ut.

Carl-Erik Arnesen, styreleiar i Havbrukspartner

Øyvind Kråkås, dagleg leiar i Havbrukspartner