-Kontroll begynner på kontoret

Publisert 28. september 2020 av Havbrukspartner

Sjølv dei minste bedriftene i havbruksnæringa har med tida blitt betydelege arbeidsgjevarar med ein stor produksjon og ditto omsetnad. Dette stiller andre krav til kompetanse og organisering enn det ein opplevde for ein del år sidan.

-Det viktigaste leddet i lakseoppdrett er sjølvsagt det daglege tilsynet med fisken og oppdrettsanlegga. Det er fisken si velferd og tilveksten som er oppdrettaren si primære oppgåve. Men for å ha eit sterkt lag på merdkanten, må det vere orden i heile organisasjonen. Ansvaret kviler til sjuande og sist på dagleg leiar, eller direktøren om du vil.

Det er Arild Hagenes som seier dette. Han har gjennom nesten 40 år gjort sine erfaringar frå dei fleste delar av havbruksnæringa, frå stamfisk via smolt til matfisk, og som salsmann for fôr, ansvarleg for internkontroll hos lokale oppdrettarar, og no som konsulent i Havbrukspartner. Her har han mellom anna vore innleigd hos selskap som ynskjer å gjere endringar og forsterkingar i sin organisasjon.

-Det handlar ikkje om å overstyre leiarar og eigarar, men om å styrke deira kapasitet til å analysere og strukturere seg sjølve. Ein er gjerne so travel med det daglege at det aldri kjennest rett å stoppe opp og få eit overblikk. Men so kjem det til eit punkt der ein skjønar at her må ein setje ein fot i bakken. Det kan vere problem i produksjonen, eller tilsette som skiftar jobb eller pensjonerer seg. Då kjennest tida rett for å gjere nokre vurderingar for heile selskapet si organisering.

Eit ekstra par årar

Det å legge om drifta av ein organisasjon krev gjerne ein del tid, men og engasjement og sjølvinnsikt. Endringar er noko ein må ville, og det må vere gjennomgåande motivasjon for det i heile staben.

-Det å kome inn som ein hjelpemann i ein slik styrkingsprosess er ikkje ein tryllekunstnarstilling. Det handlar meir om å ta fram eit ekstra par årar, og vere med å gje kraft og overskot til dei vanskelege samtalane, dei litt ugreie analysane og dei tidvis krevjande endringane. Nokon må gjerne seie frå seg eit mandat for å konsentrere seg meir om eit anna. Andre må få meir påverknad på sin eigen kvardag, avgjerder må flyttast ut i organisasjonen. Nærare fisken, gjerne.

Sjølv om det sit litt inne for mange å kople inn ekstern hjelp, er det gjerne slik at det lettar ei bør frå skuldrane til leiarar når prosessen tek til å få effekt. Ein har gjerne innsett ei god stund at noko må skje.

-Det kan vere for stor arbeidsmengde eller for stort spenn i oppgåver som gjere at ein ikkje kjenner at ein strekk til lenger. Om ein har gått på akkord med eigen motivasjon og eigen trivsel ei stund, kanskje med eit minimum av fritid, so opplevast det nok positivt å få hjelp til å greie ut problema og setje saman eit lag som deler på byrdene.

Alle må involverast

Sjølv om det vil vere den daglege leiinga eller styret som tek initiativet til ein slik prosess, er det viktig å forankre han gjennom heile bedrifta.

-Kontroll og strategi begynner hos leiinga, men den må vidareførast like ut på sjøen. Då må ein starte prosessen med å få forankring hos alle tilsette. Dei må få kjennskap til både målet og vegen. Ofte må ein snakke ein god del med kvar og ein for å kunne forstå heile strukturen, og kvar flaskehalsane ligg. Det startar og sluttar med god kommunikasjon. Når ein forsterkar kommunikasjonen på ein arbeidsplass, føler folk seg meir sett og involverte. Berre det løftar laget ein god del.

Treng ikkje å vere krise

Ei utfordring med slike prosessar kan ofte vere at dei eigentleg kjem for seint i gang. Ein har tært mykje på kvarandre i kollegiet, kanskje har nøkkelpersonar slutta.

-Det treng absolutt ikkje å vere full krise i ei bedrift for at ein kan ha nytte av eksterne innspel. Eigentleg burde ein ha samlingar med jamne mellomrom, der ein evaluerer seg sjølve og pussar på det som kan bli betre. Vi blir gjerne kontakta om stort og smått lenge etter at sjølve omlegginga er gjennomført. Endringar er ikkje noko som blir gjort i eit par rykk, det er kontinuerlege prosessar. Og ofte kan små trekk gje stor effekt og. Det viktige er å få til utvikling, at ein kjem seg vidare frå ting som tyngjer.

Tekst og foto: Øyvind Kråkås

Har du endringar på gang i di bedrift som du ynskjer bistand med? Treng du hjelp med å skaffe ny kompetanse? Vil du betre den interne kommunikasjonen i selskapet? Ta kontakt med Havbrukspartner for ein uforpliktande prat eller ei skisse til framgangsmåte.