Julehelsing

Publisert 22. desember 2021 av Havbrukspartner

Kjære vener,

Endeleg er det jul igjen. Jula er tida for familiekos, omsut og tradisjonar. Nokre ting skal vere som det alltid har vore, sjølv om mykje endrar seg.

Til dømes er Musevisa for lengst fortrengd av VISA Gold, men juleevangeliet helde stand. Der er stadig ting eg undrast litt over, som eg tenkjer går litt lett forbi i forteljinga. Som til dømes at paret som forteljinga kretsar rundt, endar opp med å måtte overnatte i ein driftsbygning, ein vesal stall i fylgje Jakob Sande. Det får meg til å tenkje attende på barndomens bilferiar, der ein køyrde mellom campingplassar for å finne eit tilhald for natta.

Det kunne bli trøyttsamt og tungt etter kvart som kvelden seig på og leitinga forblei resultatlaus. Me får ikkje vite noko om tonen mellom paret som flakka rundt i Betlehem etter husrom, men det ville no undre meg litt om ikkje folk den gongen var litt som folk i dag, at dei vart litt spissare i ordskiftet av resultatlaus leiting. Kan dei ha klandra kvarandre for ikkje å ha reservert på førehand? Kan Maria ha klaga seg og sagt noko slik som; «kva er dette for ein måte å ta i mot ei gravid kvinne på? Ein burde kunne forvente betre, me lever trass alt i år null!

Uansett har nok krava auka på litt i løpet av eit par tusen år. Av gåvene som dei tre vise mennene kom med, er det nok berre gullet som ville stått seg under 2021-juletreet. Og blant jula sine tradisjonsrike rettar står byteretten no nesten like sterkt som ribba og pinnekjøtet. Sjølv i unntakstider blir det sett handelsrekordar.

Som ein sveitt og akterutsegla familiefar på julehandel, kan ein ta seg i å lengte attende til år null-standard. Ingen straumprisar å bekymre seg for, ingen hurtigtestar å ta. At der ikkje var formueskatt, vil eg ikkje våge å påstå, for dei var natige med å skattlegge allereie den gongen. Men skattepengane gjekk i all hovudsak til keisarlege palass og krigar, so det var ein oversiktleg situasjon.

Ein har lett for å tenkje at ting var enklare før, at folk då levde meir harmonisk. Men noko vil eg tru var vel so plagsamt før i tida. Til dømes har ein jo høyrt frå dei gamle at dei fekk berre ein appelsin i året, på julaftan. Eg håpar av heile mitt hjarte at det var betre kvalitet på frukta den gongen. Eg opplever i alle fall at omtrent kvar tredje frukt eg kjøper er roten. Det måtte jo vere opprørande om du skrella årets einaste appelsin med andakt, berre for å oppleve at den var brun, sleip og stinkande inni.

Ein ting dei var gode på før, var øl til jul. Då dreiv alle gardbrukarar med respekt for seg sjølv mikrobryggeri. Det blir fortalt om ein kar i Sogn at på julekvelden bad kona han om å gå ned i kjellaren og hente ei mugge med øl til julemiddagen. Då såg han berre overraska på ho og sa at det var no for lengst oppdrukke. Ho vart litt kort då, men han svarte som sant var; «det kunne no ikkje vare evig dette ølet».

Og med denne innsikta i evigheit og forgjengelegheit, vil eg ynskje dykk alle ei god jul og eit strålande nytt år. Det har vore ei velsigning å kjenne dykk i året som har gått, eg håpar me kan treffast oftare i året som kjem.

Beste helsing alle oss i Havbrukspartner