Høge råvareprisar kan bane veg for nye alternativ

Publisert 4. oktober 2021 av Havbrukspartner

Til liks med rekordhøg prisvekst på mange av råvarene som er basis for laksefôr, kan moglegheiter opne seg for alternativ som ikkje har vore konkurransedyktige tidlegare.

Både vegetabilske og marine råvarer opplever ei varig og sterk prisauke. I det korte biletet fører dette til kostnadsauke hos oppdrettarane, men det kan og bære med seg eit potensiale for innovasjon.

-Næringa er på jakt etter erstatningar for dei tradisjonelle råvarene, både av kapasitetsomsyn og bærekraftomsyn. Spesielt prekært er det å finne råvarer som har tilstrekkeleg med protein i seg, samstundes som ein treng tilgang på dei viktige feittsyrene EPA og DHA.

Dette seier Johnny Kjæmpenes, som jobbar med fôr hos Havbrukspartner. Han fortel at nokre av dei nye råvarene allereie er i bruk, medan andre treng å prøvast ut og kvalitetssikrast før dei kan brukast i kommersielt fôr.

Algar og insekt

-Det mest kommersielle produktet ein har i dag for å erstatte marine råvarer, er mikroalgar. Dette nyttar vi alt i våre eigne reseptar. Her har ein kome ganske langt med å finne dei rette typane og kvaliteten, men ein treng å skalere opp produksjonen for å auke tilgangen og bli konkurransedyktige på pris. Auka prisar på tradisjonelle produkt er med og minkar dette gapet.

Han legg ikkje skjul på at det er ein ynskjedraum å kunne nytte langt meir kortreiste råvarer i fôret framover.

-Der er mykje interessant på gang i norske industri- og forskingsmiljø. Mange prøver å skaffe protein gjennom å produsere ulike organismar, det vere seg algar, insekt eller larvar. Utfordringa er å skalere opp produksjonen til eit kommersielt nivå, og med basis i eit råstoff som ikkje konkurrerer med meir høgverdig bruk. Fellesnemnaren her er gjerne å bruke restråstoff frå annan industri.

Sjølv om aukande råvareprisar kan stimulere bruken av nye proteinkjelder, meiner Kjæmpenes at det ville vere klokt at ein stimulerte denne etterspurnaden gjennom verkemiddelapparatet.

-Me tenkjer på dette som med utviklinga av el-bilar. Når etterspurnaden tek seg opp, kjem innovasjonen og kapasiteten raskt opp på eit nytt nivå. Når ein kan begynne å produsere i større skala, vil prisane bli meir konkurransedyktige. Ein burde nok ta eit skikkeleg løft for å få kommersialisert nokre av dei mest lovande råvarene.