Fire år og full fart forover

Publisert 29. april 2021 av Havbrukspartner

Havbrukspartner har tråkla seg gjennom sine fire fyste driftsår, og mellom oppdraga tek me oss tid til ein kjapp tilstandsrapport.

1. mai 2017 opna stiftarane døra til Havbrukspartner sitt kontor på Marineholmen for fyste gong. Med lånte skrivebord, kvar si datamaskin og mobiltelefon, starta arbeidet med å etablere seg i marknaden for rådgjeving og arbeidshjelp inn mot havbrukarar. Utgangspunktet var smalt, progresjonen har vore svært god.

Den viktige satsinga på land

Allereie tidleg vart selskapet involvert som støttespelar for nye aktørar som ville satse på å produsere laks på land. Etter kvart kom Roger Marøy inn på laget, frå jobben som kundekonsulent for RAS leverandøren Gråkjær i Danmark. Med kunnskapen og erfaringa han hadde, vart denne satsinga intensivert. I dag har Havbrukspartner ti forskjellige landbaserte prosjekt på vår referanseliste. I geografi spenner dei tvers over heile den vide verda.

Omstilling heile tida

Eit konsulentselskap må heile tida omstille seg etter kundane sin etterspurnad. Og like eins må sjømatprodusentane omstille seg etter samfunnet sine krav og teknologien si utvikling. Å bidra i desse prosessane har og blitt eit viktig felt for Havbrukspartner.

Utbygging av setjefiskanlegg, søk etter nye sjølokalitetar og analyser av potensialet for utbetringar er saksfelt som ein har gjort seg erfaringar innanfor. Kombinasjonen av innkjøpskompetanse, analytisk erfaring og kapasitet på å handtere søknadsprosessar har kome vel med.

Dei viktige menneska

Det største framsteget for verksmeda har vore dei personane ein har klart å knyte til seg. Roger Marøy og Jan Fossberg har komplettert laget med kunnskap og erfaring som gjev breidde i kva ein kan tilby.

Akkurat no søkjer Havbrukspartner etter ein sourcer for å skaffe fram biologisk restråstoff til kundar i Europa. Når denne er på plass, vil det markere på eit nytt og utvida forretningsområde for bedrifta. Ved sidan av å vere ein del av denne verdikjeda, ynskjer ein og å kunne gje råd til bedrifter om handtering av biologiske avfallsprodukt.

Øyvind Kråkås, dagleg leiar

Les og:

Havbrukspartner søkjer etter sourcer- biologoisk restråstoff

Tida er inne for høgt marint innhald