Er dei gode tidene i oppdrettsnæringa forbi? Kva no?

Publisert 19. oktober 2020 av Havbrukspartner

Selskap i oppdrettsnæringa har lagt bak seg fleire år med god lønnsemd, og vi har god grunn til å forvente at næringa framleis skal skape gode resultat, om enn ikkje på same nivå som dei to-tre siste åra. Høgare kostnader og lågare prisar skaper bekymring. Er det noko vi kan gjere for å temme kostnadsauken og styrke oss mot prissvingingar?

Dei som har vore i bransjen ein del år, veit at prisane kan endra seg fort. Dei siste månadane har prisane tidvis vore nede på det nivået som er smertegrensa for når mange av produsentane tener pengar. Samstundes kan ein og oppleve at prisane styrkar seg brått, sjølv om ein neppe kan forventa prisar opp mot 90-100 kr slik det var for ei tid tilbake. Endra situasjon i ein del viktige marknader, stengte grenser og handelspolitisk uro talar ikkje for at vi raskt kjem tilbake til slike nivå.

I tillegg må oppdrettarane rekna med auka konkurranse frå landbaserte anlegg og offshore oppdrett. Det vil rett nok ta ein del år før desse teknologiane vert ein reell trussel i marknaden, men ein ser seg nok best tent med å ta det på alvor. Skal ein hevde seg i ein slik konkurranse, er det eit godt utgangspunkt å drive mest effektivt og ha dei lågaste kostnadene.

Dei siste åra har vist at produktiviteten i næringa har gått ned. Produksjonskostnadene har auka monaleg for kvart år, og nærmar seg no same nivå som det ein del av dei landbaserte prosjekta operer med. I tillegg vert landbasert produksjon marknadsført som meir miljøvennleg og bærekraftig. Trusselbileta er så absolutt til stades – spørsmålet blir derfor «korleis kan oppdrettarane møte dette»?

Her kan ein velje ulike tilnærmingar og strategiar. Nokre kan velje å fortsette som i dag, mens andre vil meir aktivt søke nye løysingar og leite etter moglegheiter. Utfordringa så langt har vore at investeringar i ny teknologi og f.eks. forbetringar på arbeidsplassane (betre fasilitetar etc.), ikkje har gitt betre produktivitet. Kostnadane har helde fram med å auke.

Utgangspunkt for eit godt resultat er å halde fokus på det ein er dyktig til å gjere, og der ein endå til er betre enn andre på. Eit selskap sin kjernekompetanse er noko verdifullt som ein skal verne om. Spørsmålet er om dei god tidene vi har bak oss, har bidratt til at fleire har bevega seg bort frå sin kjernekompetanse? For ein god oppdrettar vil slik kompetanse være knytt til god biologisk drift, god fôrfaktor og å vere i forkant i forhold til lusebehandling, førebygging av sjukdom etc.

Auken i produksjonskostnadane gir grunn til bekymring, og slik auke bør stoppast og i beste fall også reverserast. Måling og samanlikning av produksjonskostnad mellom selskap, og å prøve å finne årsak til variasjon på ulike kostnadspostar, er ein god plass å begynne. Ein bør vidare leite etter forbetringsområde. Er det noko eg kan gjere med mi eiga drift eller kan eg finne gode samarbeidsløysingar med andre nærliggande selskap? Kanskje vi kan lage felles driftsselskap med naboverksemda for å styrke driftsgrunnlaget?

Havforskningsinstituttet kom tidlegare i år med ein rapport (Endret lokalitetsstruktur i produksjonsområde 3) der dei foreslo å slå saman fleire mindre lokalitetar til større einingar for å redusere lusepress. Korleis skal ein som oppdrettar forhalde seg til dette, om det blir eit tema og agenda som ikkje ligg på deira eige bord? Ved å være i forkant som nemnt ovanfor, kan ein møte slike prosessar med sjølv å halde handa på rattet.

Med andre ord bør alle steinar snuast for å finne betre løysingar enn det vi har i dag. Eit gamalt ordtak seier at det er i dei gode tidene ein skal førebu på seg på dei dårlege tidene som kjem. Gjere vi ingenting og fortset som før, og satsar på at lakseprisane skal auka igjen, ja så tar vi unødig stor risiko.

Tekst: Jan Fossberg, rådgjevar i Havbrukspartner