Engesund Fiskeoppdrett tek i bruk semilukka anlegg

Publisert 9. august 2018 av Havbrukspartner

 

Svein Eivind Gilje og Gisle Andre Enstad Foto: Camilla Aadland, Tekfisk

Onsdag 8. august var der høgtideleg snorklypping på Engesund-merden ved Bergen Group på Stamsneset industriområde.

Engesund-merden er eit semilukka anlegg som skal nyttast til produksjon av postsmolt opp til 500 gram. Merden er ein del av konseptet som Engesund Fiskeoppdrett fekk tildelt grøn C-konsesjon for i 2013.

Merden er eit semilukka gjennomstrøymingsanlegg. Det vil seie at der ikkje er filter på vatnet som går ut av anlegget. Likevel vil mykje av partiklane frå produksjonen bli tekne ut med ein vaskerobot som skal halde anlegget reint. Vatnet blir henta inn frå 20 meter og skilt ut på 5 meters djupne. Ved inntaket vil der vere filter som hindrar at lus, maneter og andre uønskte element kjem inn i produksjonen.

Anlegget, som er det første i sitt slag, er utvikla og produsert saman med Backe Bergen, som undervegs i prosessen vart kjøpt opp av Bergen Group Sjøsterk. Det er Gisle Andre Enstad som har leia byggeprosessen frå Engesund Fiskeoppdrett si side, og han vil bli produksjonsleiar for anlegget når det i haust blir teke i bruk på lokalitet i Masfjorden kommune.

I mildt sommarvêr hadde leverandørar, kundar, politikarar og eigarar stilt opp for å feire dagen saman med Engesund Fiskeoppdrett, Bergen Group og andre som har bidratt til gjennomføringa. Det var stortingspolitikar Liv Kari Eskeland (H) som sto for den offisielle snorklyppinga.

Snorklypping ved Liv Kari Eskeland
Foto: Øyvind Kråkås

Tekst: Øyvind Kråkås