-Der føregår veldig mykje rundt RAS no

Publisert 27. april 2020 av Havbrukspartner
-Resirkulering av vatn handlar om effektiv ressursbruk, men og betre kontroll med vassmiljøet og enklare reinsing av vatnet som går ut av produksjonen. Veldig mange ser potensialet i denne typen teknologi, både for smoltproduksjon om matfisk.

Dette seier Roger Marøy, som er Havbrukspartner sin fagkonsulent på RAS. Han har tidlegare jobba for den danske RAS-leverandøren Gråkjær, men arbeider no på tvers av teknologileverandørar.

-Ulike konsept kan ha nytte av ulike teknologival. Havbrukspartner spelar ei rolle i forhold til å kvalitetssikre dei vala som bestillarar må ta. Ein må ta omsyn til dei forholda anlegget skal etablerast i, og kva produksjon ein har mål om å drive. Samstundes er der nokre heilt fundamentale forhold kring det å drive lakseoppdrett som ein ikkje må gløyme oppi alt det teknologiske.

Ulike føresetnader, ulike behov

Det siste året har Havbrukspartner blitt involvert i ei rekke utbyggingsprosjekt i inn- og utland. Alle byr på sitt særeigne potensiale og utfordringar.

-Der er store skilnader i kva vassressursar som er tilgjengelege, men ein ser stadig betre løysingar for å tilpasse seg dei forholda ein etablerer seg i. For nokre år sidan var det for eksempel ingen som tenkte på å gjere om sjø til ferskvatn for akvakulturføremål. No er der kommersielt tilgjengeleg teknologi for dette.

Men det er ikkje berre på tilførslesida at omsyn til vatn kan tale for å bygge anlegg med RAS-teknologi. Også reinsinga av utslepp er meir handterlege med resirkulering.

-Vi har vurdert teknologival for lokaliseringar der resipienten har strenge restriksjonar på utslepp til sjø. Då er vassmengdene ut frå eit RAS langt enklare å reinse effektivt enn dei som kjem gjennom eit stort gjennomstrøymingsanlegg.

-Eit anna element i dette er at ein vil kunne ha store fordelar med å utvikle resirkuleringssystem for lukka anlegg i sjø. I dag er desse stort sett semi-lukka, det vil seie at ein filtrera vatnet inn og ut, men må godta at både smittestoff og næringssalt kan passere. Med RAS anlegg i sjø vil ein få ein stor tilgang til areal med svært små inngrep i naturen, samstundes som ein tek med seg fordelane med å resirkulere vatnet, som der kan vere so vel ferskvatn som sjø.

Nisjemarknader kan gje totalvekst

Som rådgjevar for mange ulike konsept vil ikkje Roger Marøy seie noko om kvar han trur den store veksten og suksessen vil kome for slakteklar laks i RAS-anlegg.

-Der er so mange ulike prosjekt med ulike tilnærmingar og forretningsplanar. Alle har sine fordelar og sine utfordringar. Vi har mykje på plass i Norge, ikkje berre tilgangen på både ferskvatn og frisk og kald sjø, men og når det gjeld annan infrastruktur som fôrlogistikk, slaktetenester og tilgang på fiskehelsepersonell.  Dette er eit forsprang som ein må kompensere for andre stader i verda. Men viljen til å investere for suksess er stor.

Marøy trur at sjølv om satsinga på lakseproduksjon over heile verda har eskalert dei seinaste åra, vi marknaden klare å ta unna.

-Det handlar ofte om nisjeproduksjon, voluma er ofte nøkterne og ein rettar seg mot ein marknad som kan utviklast vidare. Eg trur og håpar at dette snarare vil styrke laksen sin posisjon som ei global matvare.

Han ser likevel ein faktor der vil bli hard konkurranse om framover.

-Der vil bli kniving om dei folka som kan denne typen produksjon. Dei er få og etterspurde. For dei som er viljuge til å flytte på seg, kan der vente svært spennande og godt betalte jobbar over heile verda.

 

Har du bruk for uavhengig rådgjeving til ditt RAS-prosjekt? Eller er du på jakt etter den rette arbeidskrafta?

Ta kontakt med Roger Marøy

Tlf: +47 952 43 677

E-post: roger@havbrukspartner.no